Barne og ungdomsarbeid

På søndagsskulen deler me forteljingar frå Bibelen,

gjer ulike aktivitetar, syng og har litt å ete.

Foreldre eller andre føresette er velkomne med.

Håpar å sjå deg!

Leiar: Gunn Totland Moss, Gabriele Zdanciute (vikar) og Håkon Skutlaberg (medhjelpar)

Stad: Nesodden bedehus

Tid: kl.11:00-12:00

Følg med på Facebook for meir informasjon!

Søndagsskule

Barnekor og King Sing

"Glad song for born med eit godt bodskap!"



Når: ca. annakvar MÅNDAG frå kl. 17.30 til 18.15.

Kven: fylt 3 år, og oppover

Kvar: øvingar på Tysse bedehus


 Dei minste har gjerne foreldra eller andre vaksne med seg på øving. Følg med på facebook-sida for program for året.


På øvingane syng alle litt saman, men og i grupper etter alder. Av og til er det kosekveld for alle eller KingSing-fest for dei eldste. Dei opptrer ulike stadar som til dømes på Samnangerheimen, i kyrkja, på bedehuset, på festivalar og liknande.



Kveldane er på eit vis todelt.

Me startar med ei felles samling der me syng i lag

og høyrer ord i frå Bibelen.

 

Når me har gjort oss ferdig med denne delen,

vert det gratis servering av noko å bita i.

I tillegg vert det høve til å kjøpa drikke (brus) til ein billig penge.

Resten av kvelden går med til prating, brettspel,

leikar, konkurransar, og liknande.


Vonar du har lyst til å koma!

Det hadde vore kjempekjekt ☺ ☺


Ten-Café er ein ungdomsklubb for deg frå 7.klasse og oppover.

Det er Ten-Café om lag annakvar fredag kl 19:00 på Nesodden.



Ten-Café

unsplash