Samnanger Misjonsforsamling
Velkommen i Samnanger misjonsforsamling
- Kom innom, kom på einskildarrangement, eller som fast deltakar
- Her er ulike typar arrangement, finn noko for deg
- Vi legg vinn på den kristne fellesskapen – du er invitert til å vera med
- Ta med borna, lat dei få kristen opplæring
Vi driv følgjande regelmessige aktivitetar, i tillegg til møter av ulikt slag
- Søndagsmøte, kl. 11 eller kl. 17, Tysse bedehus
- Bønemøter kvar onsdag kl. 19.30, Nesodden bedehus
- Barnekor, annakvar tirsdag, kl 17.30 i Tysse bedehus
- Søndagsskule, annakvar søndag, kl. 11.00 i Nesodden bedehus
- Ungdomsmøte, annakvar fredag, kl 19:00 i Nesodden bedehus
- Føremiddagstreff, første tirsdag i månaden, kl 10.30 i Tysse bedehus
- Foreiningar, mindre grupper som samlast i heimane (står ikkje i programmet)
Vi peikar på Jesus og Guds løfter til oss gjennom evangeliet:
- Bli eit Guds barn
- Få all synd tilgjeven og utsletta
- Få arverett til Guds framtidige, evige herlegdomsrike
- Få Den Heilage Ande til hjelp og trøyst i dette livet
«Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» Johs. 1,12