På søndagsskulen deler me forteljingar frå Bibelen,
gjer ulike aktivitetar, syng og har litt å ete.
Foreldre eller andre føresette er velkomne med.
Håpar å sjå deg!
Leiar: Gunn Totland Moss
Stad: Nesodden bedehus
Følg med på Facebook for meir informasjon!
Startar opp tysdag 26.09.2023. Velkomen!
Når: tysdagar frå 17.30 til 18.15.
Kven: fylt 4 år, og oppover
Kvar: øvingar på Tysse bedehus
Drive av Samnanger Misjonsforsamling
i samarbeid med kyrkja,
og held til i bedehuset på Tysse.
Dei minste har gjerne foreldra
eller andre vaksne med seg på øving.
Koret er delt i to grupper,
frå 4 år tom. 1. klasse
og "King Sing" frå 2.klasse og oppover.
Dei øver litt kvar for seg, men syng gjerne saman!
På øvingane har dei alltid andakt.
Stundom har dei kosekveldar med song, mat og leikar.
King Sing har eigne treff.
Opptrer ulike stadar som til dømes på Samnangerheimen,
i kyrkja, på bedehuset, på festivalar og liknande.
Kveldane er på eit vis todelt.
Me startar med ei felles samling der me syng i lag
og høyrer ord i frå Bibelen.
Når me har gjort oss ferdig med denne delen,
vert det gratis servering av noko å bita i.
I tillegg vert det høve til å kjøpa drikke (brus) til ein billig penge.
Resten av kvelden går med til prating, brettspel,
leikar, konkurransar, og liknande.
Vonar du har lyst til å koma!
Det hadde vore kjempekjekt ☺ ☺
Ten-Café er ein ungdomsklubb for deg frå 7.klasse og oppover.
Det er Ten-Café om lag annakvar fredag kl 19:00 på Nesodden.
Ten-Café
Bankkonto Samnanger Misjonsforsamling : 3562 50 58196 Vippsnummer: 514558