Om oss

Kontaktinformasjon

Leige av hus:     Jorunn Skutlaberg – 97598105
Annonsering:    Jorunn Skutlaberg - 97598105
E-post:               jorunn_skutlaberg@hotmail.com

Styret:
Formann:           Rune Espelid – 48046191  - e-post: rune.espeli@online.no
Nestformann:    Joel Dyrhovden – 99325087
Kasserar:            Terje Næss - 97534377
Sekretær:           Kari Dyrhovden - 95464221
1. varamann:     Ivar Berland – 95046032
Styremedlem:   Geir Jarle Skutlaberg

Bankkonto:        3562 50 58196

Organisasjonsnummer: 991049843

Tilknyting

Samnanger misjonsforsamling er innmeldt i Indremisjonsforbundet (IMF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Grunnlag

Samnanger misjonsforsamling byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og Den evangelisk lutherske vedkjenning1. På dette grunnlaget driv forsamlinga alt arbeidet sitt, kallar frivillige og eventuelt tilset sine arbeidarar.
(1 Den apostoliske truvedkjenning, Den nikenske truvedkjenning, Den athanasianske truvedkjenning, Den augsburgske vedkjenning og Luthers vesle katekisme.)

Føremål
a.     Samnanger misjonsforsamling har til føremål å fremja Guds rike og halda oppe eit livskraftig indremisjons- og ytremisjonsarbeid som til ei kvar tid forkynner Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.
b.     Samnanger misjonsforsamling vil arbeida saman med Indremisjonsamskipnaden, og gjennom den Indremisjonsforbundet, og Norsk Luthersk Misjonssamband for å styrkja desse sitt kallsoppdrag. Forsamlinga vil ta medansvar for å skaffa økonomiske og andre ressursar til dei oppgåver desse utfører.
c.     Samnanger misjonsforsamling vil som basis for si verksemd byggja ei lokal forsamling etter bibelsk mønster med forvaltning av nådemidla. Vi vil føra vidare arven frå våre åndelege røter, særleg

  • vekkingsarven med forkynning til omvending og personleg liv i Gud.
  • eit lågkyrkjeleg embetssyn med vekt på dei frie nådegåvene og det allmenne prestedømet.
  • opning for at andre bibeltru organisasjonar/kyrkjesamfunn kan ha verksemd hos oss.

Comments are closed.